1
2
3
4
1

12192 Skorva

MTB 1560 tonn

2

13568 STOREVIKA

MTB 3120

Samlokalisert m/Sandnes fiskeoppdrett

3

13711 Dyvika

MTB 1560 tonn

4

Flokenes Fiskefarm AS

Førdefjordvegen 3645

6983 Kvammen

SKORVA

Skorva ligg på sørsida av Førdefjorden  mellom Flokeneset  og Gjelsvika og ein kan sjå den frå fylkesveg 609 ved Skorvetunnelen.
Lokaliteten har vore i bruk sidan 2001 og er godkjent for ein  MTB på 1560 tonn (maksimalt tillatt biomasse).

Tilkomst er med båt og her er det 120m Polarsirkel plastringar og fôrmodul frå Ocea. Denne har 300 tonn lastekapasitet og er utstyrt med 4 fôringslinjer. Skorva har gode straumforhold og djupne på 140-160 m. Den er stort sett godt skjerma for uvêr, men med kraftig vind frå nordvest kan det bli litt sjøgang her.

DYVIKA

Dyvika ligg på sørsida av Førdefjorden vis-a-vis Vevring og like utanfor grensa til den nasjonale laksefjorden. Lokaliteten har vore i bruk sidan 1994, er godkjent for ein MTB på 1560 tonn (maksimalt tillatt biomasse), og kan berre nåast med båt. Her er det 120 m Polarsirkel plastringar og fôrmodul frå Ocea med 300 tonn lastekapasitet og 2 fôringslinjer.

Dyvika er ein lokalitet med svært god utskifting av vatn, utgåande straum frå fjordsystemet passerer gjennom lokaliteten og  gir ypperlege forhold for laksen. Lokaliteten er bra skjerma for uvêr, men kraftig vind frå vest og nordvest kan lage litt sjøgang.

STOREVIK

Storevik ligg på sørsida av Førdefjorden rett utanfor basen til Flokenes Fiskefarm. Anlegget som er samlokalisert med Sandnes Fiskeoppdrett, er godkjent for ein MTB på 3120 tonn (maksimalt tillatt biomasse), og kan berre nåast med båt. Her er det 120 m Polarsirkel plastringar og fôrmodul frå Fluctus med 350 tonn lastekapasitet og 4 fôringslinjer.

Storevik er ein lokalitet med svært god utskifting av vatn, utgåande straum frå fjordsystemet passerer gjennom lokaliteten og  gir ypperlege forhold for laksen. Lokaliteten er bra skjerma for uvêr, men kraftig vind frå vest og nordvest kan lage litt sjøgang.