Midt i Sunnfjord i Sogn og Fjordane ligg vakre Førdefjorden mellom bratte fjell og med elvane Nausta og Jølstra innerst i fjorden. Førdefjorden er ein av dei mest artsrike og reinaste fjordane på Vestlandet og Nausta er rekna for å vere blant dei beste lakseelvane i landet.

Flokenes Fiskefarm har 2 konsesjonar og driv matfiskprodusjon av laks på 2 lokalitetar i ytre del av fjorden i Askvoll kommune. Vi har vore lokalisert her sidan 1984. Flokenes Fiskefarm har som målsetjing at vi skal levere laks av topp kvalitet til kundane våre og skal vere mellom dei aller beste i Norge.