NR-1 Skorva

Denne lokaliteten ligg på sørsida av Førdefjorden  mellom Flokeneset  og Gjelsvika og ein kan sjå den frå fylkesveg 609 ved Skorvetunnelen.
Lokaliteten har vore i bruk sidan 2001 og er godkjent for ein  mtb. på 1560 tonn.

Tilkomst er med båt og her er det 120m Polarsirkel plastringar og fòrmodul frå Ocea. Denne har 300 tonn lastekapasitet og er utstyrt med 4 foringslinjer. Skorva har gode straumforhold og djupne på 140-160m. Den er stort sett godt skjerma for uvér, men med kraftig vind frå nordvest kan det bli litt sjøgang her.

NR-2 Dyvika

Dyvika ligg på sørsida av Førdefjorden vis-a-vis Vevring og like utanfor grensa til den nasjonale laksefjorden. Lokaliteten har vore i bruk sidan 1994, er godkjent for ein mtb. på 1560 tonn og kan berre nåast med båt. Her er det 120m Polarsirkel plastringar og fòrmodul frå Ocea med 300 tonn lastekapasitet og 2 foringslinjer.

Dyvika er ein lokalitet med svært god utskifting av vatn, utgåande straum frå fjordsystemet passerer gjennom lokaliteten og  gir ypperlege forhold for laksen. Lokaliteten er bra skjerma for uvér, men kraftig vind frå vest og nordvest kan lage litt sjøgang.